People at Work til Julebyen Egersund
Ei busslast med ukrainske flyktningar frå Flekkefjord besøkte julebyen Egersund
Saman med frivilligsentralen i Flekkefjord har Flekkefjord Rotary Klubb eit prosjekt gåande for å hjelpa ukrainske flyktningar med å læra norsk og koma seg ut i arbeid.
Arbeid og turar
«People at work» har samlingar kvar veke. Opplegget varierer frå gong til gong. Nokon gonger er det praktisk arbeid og småjobbar som står på programmet. Andre gonger kjem lokale bedrifter for å presentera seg sjølv og moglegheitene dei kan tilby. Ukrainarane får òg hjelp med å skriva CV og søkja jobb.
Av og til blir det arrangert turar, og denne veka blei turen lagt til Julebyen i Egersund. Det var stor interesse for å vera med.
Etter ein runde rundt i buene, inkludert den ukrainske, blei besøket avslutta med julegraut på sjokoladefabrikken.
Julebyen fengde
Ivar Espenes i Flekkefjord Rotary Klubb seier at det har vore færre ukrainarar på samlingane i haust enn då «People at work» blei starta opp for eit par år sidan. Han er usikker på om det har å gjera med at mange ukrainarar nå har fått jobb og er integrerte i samfunnet, eller om det kjem av at samlingane blir vurderte som lite interessante. Han fortel at det er sendt ut spørjeskjema til deltakarane – for å høyra kva dei sjølv tenkjer om opplegget.
Uansett fengde det med ein tur til Julebyen, slår Espenes fast.
– Eg håper me kan halda fram med same glød. Det har vore spennande, dette prosjektet, spesielt for oss rotaryanarar, seier han.
JULEGRAUT: Runden i Julebyen blei avslutta med julegraut på sjokoladefabrikken. Natali Brestovskaya (t.v.) og Anna Danylonok sit nærmast. Inst sit ekteparet Rolf Terje og Trine Klungland. Foto: Maarten Robben
28. november 2023
RLI 2023
RLI (Rotary Leadership Institute) gjennomført 2023. Fra Flekkefjord Rotary hadde vi Håvard gaska
26. september 2023
Flekkefjord Rotary Klubb`s Rwanda prosjekt
Flekkefjord Rotary Klubb har siden 1999 støttet hjelpeprosjekt rettet mot barn, slik som Mor Teresa barnehjem, mikrofinansiering i Assist Rwanda og Sykehus i Gikonko.